Historia vår

 

På garden Påldtun i Nordfjord har det blitt dyrka frukt, bær og grønnsaker i over hundre år.

image1.jpeg

Garden ligg på nordsida av Gloppefjorden. Der det i alle tider har vore gode forhold for å dyrke frukt og bær.

I 1930 åra var det god butikk for Nordfjordingane å reiser nordover for å selge eple. Dette vart også gjort i Påldbruket. På ei av desse reisene traff Påld Per ei jente som han seinare tok med seg til Gloppen.

Dei fekk tilsaman 6 barn.

Det var alltid godt med ekstra hender når det var tid for innhausting av frukta.

58462720_10156980193313070_5456508799969918976_n.jpg

Store og små samalast i hagen til Per og Borghild i Påldtun.

image1+%281%29.jpg

Mellom epletrea var det kjekt for barna å sette opp telt.

Dei mange epletrea på garden var ein idyll for auga. Ekstra flott var det når alle trea sto i blomst. Barna på garden synsest det var stas å få lov til å sette opp telt mellom epletrea. Dei inviterte med seg naboar og sysjenbarn og reiste på camingtur mellom blostrande epletre og Gloppefjorden.

Design uten navn (5).png

Då eg var lite budde eg i same huset som mine besteforeldre på garden Påldtun. I kjellaren hadde vi eit syltekott med saft, syltetøy, gelear og hermetisk frukt. Syltekottet hadde ei særeigen lukt og mange spennande matskattar.

Påldtun frukt og bær er derfor blitt til etter eit ynskje om å ta vare på dei gode gamle tradisjonane, slik som ho mor og bestemor har gjort det.

Med tilgang på dei gode råvarene ynskjer vi derfor å kunne gi deg ei smakoppleving. Vi ynskjer at du skal bli glad av å smake på produkta våre og skape gode minner for deg og dine.

Smak og nyt!

syltekottet.JPG

Syltekottet

Vil du besøke syltekottet vårt?

Det er ei sjølvbetjent salgsbod som er open frå mai til oktober. Her kan du handle ferske frukt og bær i sesongen og påldtun produkt. Velkommen til hyggeleg handel.

adressa er: Nordstrandsvegen 264, 6823 Sandane.