Historia vår
På garden Påldtun i Nordfjord har det blitt dyrka frukt, bær og grønnsaker i over hundre år.
Mellom epletrea var det kjekt for barna å sette opp telt.
Dei mange epletrea på garden var ein idyll for auga. Ekstra flott var det når alle trea sto i blomst. Barna på garden synsest det var stas å få lov til å sette opp telt mellom epletrea. Dei inviterte med seg naboar og sysjenbarn og reiste på camingtur mellom blostrande epletre og Gloppefjorden.
Då eg var lite budde eg i same huset som mine besteforeldre på garden Påldtun. I kjellaren hadde vi eit syltekott med saft, syltetøy, gelear og hermetisk frukt. Syltekottet hadde ei særeigen lukt og mange spennande matskattar.
Påldtun frukt og bær er derfor blitt til etter eit ynskje om å ta vare på dei gode gamle tradisjonane, slik som ho mor og bestemor har gjort det.
Med tilgang på dei gode råvarene ynskjer vi derfor å kunne gi deg ei smakoppleving. Vi ynskjer at du skal bli glad av å smake på produkta våre og skape gode minner for deg og dine.
Smak og nyt!