Om oss

  • Hauge-4

  • Påldtun er ei familiebedrift frå Sandane i Nordfjord som produsera saft, sylte og hermetiske bær under gards- og merkenamnet Påldtun. Garden Påldtun er eit lite småbruk som ligg vakkert til nede ved Gloppefjorden, kor det er gode forhold for frukt og bær. Ettersom frukta får rikeleg med naturleg sollys, bevarast den gode smaken av frukt og bær.

    Alt er 100 % heimelaga og utan kunstig tilsetning! Vi bruker frukt og bær frå eigen gard og andre lokale fruktbønder frå Gloppen.

  • Barndomsminner på flaske

    Vi legg barndomsminner på flasker og glas etter oppskrift frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott.  Når vi tilsett ein stor dose kjærleik og litt krydder, gjev dette deg ei god matoppleving basert på dei gode, gamle tradisjonane innan vidareforedling av frukt og bær. Matspesialitetane våre kan derfor trygt nytast av både liten og stor.

  • Illustrasjonsbilde-B

  • Hauge-2

  • Hauge-1

  • Hauge-5

  • Heimelaga og utan kunstig tilsetning

    Vi har investert i eit eige produksjonslokale på garden, så under innhaustinga reiser frukta berre nokre meter før den havnar på glas og flasker. Og ettersom alle produkt er 100 % heimelaga og utan kunstig tilsetning, smakar frukta vår slik som smaken av ekte frukt og bær skal være. Påldtun er med andre ord eit godt valg om du er opptatt av sunn og kortreist mat.