• image

Førjulstider

Vi er alt komne til desember og mange av oss er begynt så smått å tenkje på forbereding til jula, både med vasking, pynting, julegåvehandel og planlegging av julematen.
Her i Påldtun er det også mykje å gjere føre jul, og vi er blant anna rundt på marked i heile desember.
På marked vil vi ha med oss gåvepakningar til dei som er på utkikk etter smakfulle gåver eller til dei som er på leit etter juledesserten eller saft til julematen Vi har også fine frosne Dessert Bringebær som er fine å bruke både til kakepynt, til smoothie eller berre nytast slik dei er. Ta gjerne kontak for bestilling av bær.

Gardsbutikken vår «SYLTEKOTTET» vil vere ope torsdag 11.12 og 18.12 frå kl 16.00-19.00

Eller finn De oss her i desember:
05.12 Nattope på Sandane
06.12 Julemarked på Gloppen Museum
11.12 Syltekottet er ope (16.00-19.00) Moglegheit for å kjøpe frosne Dessert Bringebær
13.12 Bondensmarked, Føre Torg
18.12 Syltekottet er ope (16.00-19.00) Moglegheit for å kjøpe frosne Dessert Bringebær
20.12 Bondensmarked, Førde Torg

Ynskjer alle ei fin førjulstid! Hugs å ta vare på kvarandre også!

Helsing oss i Påldtun

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Share on LinkedInEmail this to someonePin on Pinterest

Legg til ein kommentar